Har fått øydelagt ein heil arbeidsdag

Bedriftsleiar kritisk til vinterberedskapen

Etter at fleire vogntog hadde stått fast i Oldeidebakkane i mange timar på måndag, dukka det opp ein varebil med to stampar sand som skulle brukast til strøing. - Dette er ein vits, seier bedriftsleiar Per Røys i Bremanger. Foto: FjT-tipsar  Foto: Privat

Fabrikksjef Per Røys Arkivfoto: Jørn-Arne Tomasgard  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Dagleg leiar ved Pelagia i Kalvåg, Per Røys, er stille fortvila over beredskapen til Statens vegvesen.

Måndag var det fullt kaos i Oldeidebakkane i Bremanger. Vegen opp frå ferjekaia var så såpeglatt at vogntog og større lastebilar kom seg verken opp eller ned.

Då vi snakka med Røys rundt klokka 13.00 på måndag så hadde det gått nesten sju timar frå vegsentralen vart varsla om dei glatte vegane i dette området.


 

Etter det Røys kjende til så var det då ikkje kome strøbil.

Røys seier dette får store konsekvensar for drifta.

– Det er nesten umuleg å planlegge. Her har vi avtalt med kundar i Sverige og Tyskland om at vi skal sende ut produkta som vi lagar. Det er nøye avtalt leveringstid, og vogntoga har laga seg ein detaljert reiseplan for å nå fram i tide. Og så er det like utanfor stovedøra vår det stansar opp. Dette er for dårleg. Det er mange som tapar pengar når dette skjer, seier Røys, og sender kritikken til Statens vegvesen.

Måndag måtte også Brødrene Larsen sende heim 15 arbeidarar fordi råstoffet som skulle kome frå fabrikken i Selje vart ståande på vogntoget i Oldeidebakkane.

- Det verkar som at vinteren og glatta kjem like uventa på dei kvart år. Det synest ikkje som at det er nokon som følgjer med på at no kan det bli glatt, seier Røys.

Han viser til at næringslivet har bladd opp pengar for å få utbetra den smale og svingete vegen mellom Oldeide og Kalvåg. Likevel så er det ikkje beredskap når det blir glatt.

Han seier at fleire timar etter at Statens vegvesen vart gjort merksame på problema i Oldeide, så dukka det opp ein varebil med to stampar med sand.

– Dette oppfattar eg som ein stor vits. Det er tydeleg at nokon har fått litt panikk når dei sender ut ein bil med to stampar sand for å hjelpe opp seks-sju vogntog, seier Røys.

Han og andre selskap har skrive mange brev til Statens vegvesen om det dei meiner er dårleg brøyting og mangelfull strøing. Men det synest ikkje som det har noko effekt.

– Dette problemet må takast på alvor og ryddast opp i, seier ein fortvila Røys til Fjordenes Tidende.