Meiner det no blir vanskeleg å innfri tunnellovnaden frå 2017

– Nok ei utsetting. Dei seier heller ikkje noko om vegen vidare. Skuffande, seier prosjektleiar i styringsgruppa for Stad skipstunnel Randi Humborstad etter at statsbudsjettet for 2020 vart lagt fram i går.

med brask og bram: Det var glede og flaggheising i Selje då representantar frå regjeringspartia i 2017 var til stades for å offentleggjere innhaldet i NTP 2018–2029. Randi Humborstad var ei av dei som heldt innlegg. No er ho usikker på om regjeringa følgjer opp. ARKIVFOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD 

Nyheter

Det som står om skipstunnelen i statsbudsjettet er følgjande: «I 2017 ferdigstilte Kystverket eit forprosjekt for Stad skipstunnel. Den eksterne kvalitetssikringa (KS2) var ferdig i mai 2018 og viste at venta kostnad er auka til 3,7 mrd. kr og at netto nytte er rekna til -3,1 mrd. kr. Kystverket fekk i 2018 i oppdrag å gå gjennom prosjektet for å få redusert kostnadene ned mot investeringsramma som var lagt til grunn i Nasjonal transportplan 2018–2029. Rapporten er levert og er no til gjennomgang i departementet.»