Kostnadane har auka med 14 millionar

– Vi er i ein ulykksalig situasjon

Eid kommune har vedtatt å bygge elleve omsorgsbustadar på Myroldhaug på Nordfjordeid. Sidan ein for første gong sa ja til byggeprosjektet har kostnadane auka med over 14 millionar kroner.

Sidan politikarane i Eid først sa ja til å bygge 11 omsorgsbustadar på Myroldhaug på Nordfjordeid har kostnaden auka frå 49,5 til 63,7 millionar. No er Eid-rådmann Åslaug Krogsæter og politikarane einige om å legge ut ei meir open utlysing med tanke på materialval for å få prisen ned.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Det eg trur alle meiner på tvers av politikken er at vi har hamna i ein ulykksalig situasjon. Dette er eit prosjekt det har blitt jobba utruleg mykje og lenge med. Vi har møtt veggen hos ulike statlege instansar som ikkje snakkar saman og som har ulike syn på korleis prosjektet skal vere, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).