I drift med nytt produksjonsanlegg denne veka

Kjøper naboeigedomen som del av storstilt satsing lokalt

Pelagia nyttar forkjøpsretten sin og kjøper gamle Ulvesund Formelfabrikk på Trollebø i Vågsøy av Nergård Pelagic. Det stadfestar operativ leiar Arnt Ove Hoddevik i Pelagia. Denne veka startar dei også å produsere olje til omegaprodukt.

Arnt Ove Hoddevik (COO Feed, t.h.) og Rune Gangsøy (fabrikksjef) styrer ei storstilt satsing på Pelagia Måløy Sildoljefabrikk for tida. Den siste investeringa er kjøp av gamle Ulvesund Formelfabrikk. Arkivfoto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

Hoddevik, operativ leiar (COO) for divisjonen for produksjon retta mot fôr (feed) i Pelagia-systemet, seier tilgangen til eit 7.000 tonn lager er den viktigaste grunnen til at Pelgia kjøper eigedomen.