Ekstra millionar frå fylket gjer at kommunen nærmar seg full breibandsdekning

Fylkestinget har løyvd 10 millionar ekstra til breibandutbygging i Sogn og Fjordane.

 – I løpet av 2020/2021 står berre Eltvika og Indre Fure att. Elles er heile resten av dagens Selje kommune dekka av fiber, sa Selje-ordførar Stein Robert Osdal.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

For nye Stad kommune sin del betyr dette utbygging i Kjøde-Årsheim, Drage-Hoddevik, Heggjabygda, Skrede, Holmøyane, Lote og Hennebygda.

– Dette skjer fordi vi har gryteklare prosjekt, sa Gunn Sande kommunestyremøtet i Selje.

 – I løpet av 2020/2021 står berre Eltvika og Indre Fure att. Elles er heile resten av dagens Selje kommune dekka av fiber, sa Selje-ordførar Stein Robert Osdal.