Stenger vegen i Ålfotedalen neste veke

Fv. 614 i Bremanger vert stengd mellom Sørdalen og Langesjø i Ålfoten i inntil ein time måndag 14.oktober til og med onsdag 16. oktober. Illustrasjonsfoto: Erling Wåge 

Nyheter

Fv. 614 i Bremanger vert stengd mellom Sørdalen og Langesjø i Ålfoten i inntil ein time måndag 14.oktober til og med onsdag 16. oktober.

- Årsaka er vedlikehaldsarbeid på strekninga, og det blir omkøyring via fv. 616 om Davik, seier Lars Erik Karlsen, prosjektleiar drift og vedlikehald Fjordane i ei pressemelding.