Store fangstar skapar verdiar

Tek imot båtar fulle av makrell for tida

Produksjonen ved Pelagia Selje er i full gang for tida no under makrellsesongen. Og båtar fulle av last krev mange hender som kan tilverke all fisken. Mottaket har 75-80 tilsette på jobb i sesongen
Nyheter

Smaragd er ein av båtane som har lossa hos mottaket denne sesongen. Då dei kom med eit rekordkast på 865 tonn makrell, med ein verdi på kring 15 millionar kroner, måtte fabrikken i land verkeleg få fart på sakene.