Hjelpa blir sett stor pris på av arrangørane

Arrangørane bak Heim i Haust på Raudeberg er svært glade for at elevar ved Vågsøy Opplæringssenter har hjelpt dei med rigginga.

F.v. Ismail Fouad Alaloush, Zabuloni Katulanya, Ahmed Hussein Zeydan (bak), Abdurrhman Hussein Zeydan og Yohane Gendaneza har bidratt med rigging til Heim i Haust.   Foto: Privat

Nyheter

– Vi som står bak Heim i Haust set stor pris på at vi får hjelp av flyktningar som går på introduksjonsprogrammet ved Vågsøy Opplæringssenter. Det er svært viktig og positivt at våre nye landsmenn og -kvinner deltar i frivillig arbeid for lag og foreiningar, seier Edvard Iversen i Aktiv Raudeberg, som kan fortelle at arbeidet med rigging og tillaging er i rute.