Politiet stansa bilførar som ikkje hadde førarkort

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Under ein trafikkontroll som Utrykkingspolitiet (UP) heldt på Eidså i Vanylven i dag, torsdag, stansa politiet ein bilførar som nok ikkje skulle køyrd bil.

Bilføraren  frå Nordfjord hadde mista førarkortet for ei tid sidan, men køyrde likevel bil. Då han vart stansa av politiet måtte han parkere bilen, og kan vente seg ein reaksjon frå politiet.


 

I 60-sona så sjekka dei også farten, og sju bilførarar som vart stansa hadde brote fartsgrensa, opplyser Utrykkingspolitiet. Høgste fart var 79 kilometer i timen i 60-sona.

To bilførarar fekk seg 1.700 kroner i bot og to prikkar for ulovleg bruk av handholdt mobiltelefon, opplyser UP.