Står nærmare ei senterutviding

– Mange av hindera er no rydda av banen frå politisk side

– Vi skuldar Frp ei takk, sa ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap), då ho i formannskapet refererte til behandlinga av regional handelsføresegn i fylkestinget nyleg.

Klar: Per Gunnar Frantzen vil bygge ut. Her med politikarar Helen Hjertaas og Kristin Maurstad (t.h.).  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Her hadde Frank Willy Djuvik (Frp) føreslått eit tilleggspunkt som sa at ein kommune skulle ha moglegheit til å regulere inn fleire sentrumsområde i same regionsenter. Dette fekk samrøystes tilslutning.