Bilførar mista kontrollen og hamna i ein støypekant

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Litt før klokka 08.00 fredag morgon fekk politiet melding om ei trafikkulukke på Fv 618 ved Seljeneset like nord for Flatraket i Selje kommune.

Ein bil hadde hamna utfor vegen og i ein støypekant.

I følgje politiet så var føraren åleine i bilen, og han skal ikkje vere alvorleg fysisk skada.

Politiet har rykt ut for å finne ut kva som har skjedd.

Det skal ha vore passasje på staden.