No skal politiet etterforske denne episoden

Skjermdump frå video 

Nyheter

Ein av grunneigarane i Ervik på Stadlandet har meldt episoden der ein kompisgjeng rulla ein diger stein utfor eit stup til politiet.

Det fortel regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, til NRK Sogn og Fjordane.

Dermed skal politiet prøve å finne ut om det er gjort noko lovstridig då kameratgjengen rulla ein enorm stein utfor fjellsida og i sjøen.


Angrar på «gutestrekar»

– Eg forstår folk som ser negativt på det. Vi er jo turistar som reiser til Stad, så å rulle ein stein utfor er kanskje ikkje det luraste vi gjer.

 

Dei filma det heile og publiserte den på sosiale media. I følgje NRK har videoen hatt over 30.000 likar-klikk og over 100.000 har sett han.

Ein av dei som var med på det heile har sagt til NRK at dei fann ein stein som dei kunne dytte utfor eit stup og ut i havet. Han innrømmer at dei tok ei litt dårleg avgjerd når dei gjorde det. – Men gjort er gjort, det var gøy. Men no i ettertid ser vi at det kanskje ikkje var det luraste.

Han understrekar samtidig at dei var sikre på at det ikkje var nokon i terrenget under – verken dyr eller menneske.

Hvattum seier dei vil ta tak i denne saka raskt og ta avhøyr av personar som var med på denne handlinga.