Sendt med luftambulanse etter krasj

Ein mann i slutten av tenåra blei sendt til sjukehus med luftambulanse etter at han hamna utfor vegen i ei 80-sone i Eid kommune laurdag kveld.
Nyheter

Rundt klokka 19:40 laurdag hamna ein bil utfor vegen i ei 80-sone like ved krysset på Hjelmeland i Eid kommune. Bilen kom køyrande frå Bjørhovde i retning Hjelmeland.

Bilføraren, ein mann på 19 år, var åleine i bilen. Han hadde smerter i rygg og nakke, men var medviten og i dialog med personar som kom til ulykkesstaden, opplyser politiet. Airbagen i bilen blei utløyst i utforkøyringa.

Politiet sin operasjonssentral opplyser at mannen blei sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Hendelsesforløpet er ukjent, men det er ikkje mistanke om køyring med rus.

Utforkøyringa har ikkje hindra anna trafikk, og bergingsbil er rekvirert.

Politiet melder at sak vert oppretta.