Stadpipe nominert til VM i vekstskaping

– Vi har aldri vore redde for å ta nye moglegheiter

Å vere tolmodig, gripe sjansen når han kjem, levere kvalitet og ha jobben som livsstil. Det er av faktorane Kurt og Nils-Per Sjåstad i Stadpipe trekkjer fram som avgjerande for nominasjonen til VM i vekstskaping.

Nils-Per (t.v.) og Kurt Sjåstad seier stabil arbeidskraft har vore med på å sikre kompetansen i verksemda, noko som igjen har vore avgjerande for å vekstkrafta. – Vi har flinke folk rundt oss og deler ære med dei tilsette, seier dei om nominasjonen.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Etter at driftsinntektene steig jamt og trutt frå 4 millionar kroner i 2003 til 34 millionar i 2015, byrja det gå bratt oppover for verksemda med base på Leikanger på Stadlandet.