Manglar 28,9 millionar i budsjettet

Meiner fleire innbyggjarar er nøkkelen

Leiar Ole Starheim for stabsområdet økonomi i Stad kommune meiner Selje og Eid er betre stilt som Stad enn kvar for seg, men seier vekst i folketalet må til.

Trass i at Stad kommune manglar 28,9 millionar kroner på å nå eit budsjett i balanse, meiner leiar Ole Starheim for stabsområdet økonomi at kommunen er der dei skal vere.   Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

– Har ein ikkje vekst i folketalet, så hjelp det ikkje på inntektene om ein slår seg saman. Om kommunar som slår seg saman har hatt ein nedgang i folketalet, så taper ein mykje i inntektssystemet, der ein får overføringar basert på kor mange innbyggjarar ein har. Ligge ein på same nivå som landsgjennomsnittet, så får ein om lag det same som tidlegare, seier Starheim.