Har kartlagt rasfaren i kommunen

50 bygningar ligg innanfor faresona for 1000-årsskred

Eid kommune har fått overlevert faresonekart frå NVE. To bygningar ligg innanfor faresona for 100-årsskred, medan 50 bygningar ligg i faresona for 1000-årsskred.

Denne veka overleverte Norges Geotekniske Institutt og Noregs vassdrags- og energidirektorat faresonekart for ti bygder i Eid kommune til kommunen. Her leiar Gunn Sande (f.v.) i utval for areal og eigedom i Stad kommune, fagleiar Roar Sætre for byggesak i Eid kommune, Idun Nessestrand Vefring frå NVE og Ulrik Domaas frå NGI.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Faren har ikkje endra seg. No er det berre kartlagt kor stor den faren er, seier fagleiar Roar Sætre for byggesak i Eid kommune til Fjordenes Tidende.