Statssekretær kjem for å sjå skisser til nye brukonsept

Statssekretær Tommy Skjervold (Frp) besøker 6. november Sandane der nye brukonsept for Anda-Lote blir presentert for fyrste gong.

Under møtet onsdag vil nye skisser for eit brukonsept bli lagt fram.  Foto: LMG Marin/NordWest3D

Nyheter

Tommy Skjervold vil delta på møte der det blir lagt fram skisser til nye konsept for Nordfjordbrua Anda-Lote, og få oppdatert informasjon om opprusting av strekninga E39 Byrkjelo-Sandane.

Nordfjordbrua AS teikna i sommar avtale med to fagmiljø som er i gang med arbeid for å utarbeide forslag til bruløysing for fjordkryssing Anda-Lote. Arbeidet starta i august og skal vere ferdig til årsskiftet. Dei to fagmiljøa som er i gang med å utarbeide framlegg til bruløysing er Dr Tech Olav Olsen i samarbeid med Norconsult AS og Prodtex AS, samt LMG Marin i samarbeid med Multiconsult AS.

Begge fagmiljøa har brei erfaring og kunnskap om prosjektering og val av konsept for fjordkryssingar, og ser føre seg å nytte regionale industrimiljø som partnarar i gjennomføring av Nordfjordbrua. På møtet vil grupperingane legge fram førebelse vurderingar av aktuelle konsept for fjordkryssinga Anda Lote.

- Det er for tida ei rivande teknologisk utvikling i bru-bransjen. Nordfjordbrua Anda-Lote er eit kort og teknologisk enkelt bruprosjekt som passar godt for ei fyrste utprøving av nye løysingar og metodar som no blir utarbeidde i marknaden. Vi har difor god tru på at vi får realistiske løysingar innanfor ei akseptabel økonomisk ramme på bordet, og ut frå det kan gå vidare med detaljplanlegging og realisering av fjordkryssinga, seier Tryggestad og Bjørlo, seier dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS, Jan Olav Tryggestad og styreleiar Alfred Bjørlo.

Nordfjordbrua AS har tidlegare fått utarbeidd ei trafikk- og finansieringsanalyse for fjordkryssing Anda-Lote som syner at Nordfjordbrua er eit ferjeavløysingsprosjekt med stort trafikkgrunnlag og sterke positive effektar for nærings- og samfunnsutvikling – uansett framtidig traséval for E39. Det er føresett at prosjektet kan gjennomførast som eit ferjeavløysingsprosjekt, finansiert av kostnadene staten og trafikantane i dag har med drift av ferjesambandet.

Statssekretær Tommy Skjervold vil også få ei befaring på E39 Byrkjelo-Sandane. Byrkjelo-Sandane.

Etter besøket i Nordfjord vil Skjervold reise vidare til Førde, der han vil delta på møte i regi av Sunnfjord Utvikling og Sunnfjord-kommunane med E39 gjennom Sunnfjord som tema.