Gir seg som drivar etter fem år

– Eg sluttar jo ikkje fordi eg er lei, trøtt eller sliten, så det er mykje eg kjem til å sakne

Bente Vonheim sel seg ut av restaurantselskapet Kraftstasjonen fem år etter at ho tok over restauranten og drifta. No håpar ho at det vil dukke opp nokon som vil føre hjartebarnet vidare.

På jakt etter nye drivarar: Bente Vonheim (t.h.) har no bestemt seg for å selje aksjane i Kraftstasjonen og la andre overta. Sandra C. Refvik (t.v.) var tidlegare kjøkkensjef ved restauranten. Arkivfoto 

Nyheter

Bente Vonheim tok over restauranten i 2015, og for to år sidan blei Andreas Foss Iversen tilsett som dagleg leiar. No skal han flytte frå Måløy, og sluttar til nyttår, og Vonheim meiner det er eit passande tidspunkt for at ho også sel seg ut av restaurantselskapet ho har eigd 47,62 prosent av dei siste fem åra.