Gruppeleiarane prøvde å bli einige om «politikarløna»

– Kinn kommune legg seg på eit vesentleg meir moderat nivå enn andre kommunar

Søndag var det videomøte mellom gruppeleiarane for partia i Kinn kommunestyre. Målet var å snakke seg saman når det gjaldt godtgjersle til politikarane for deira politiske verv.

Ikkje heilt i mål: Søndag var det videomøte mellom gruppeleiarane for partia i Kinn kommunestyre. Målet var å snakke seg saman når det gjaldt godtgjersle til politikarane for deira politiske verv.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

– Eg opplever at vi hadde ein god diskusjon, og det var semje om at Kinn kommune skal legge seg på eit nøkternt nivå når det gjeld godtgjersle, og vi legg oss vesentleg lågare for godtgjersle til medlemmane i formannskapet enn både i Sunnfjord og Stad, seier Odd Bovim i MDG.