Vil at «kvite bilar» skal ta over pasienttransporten

I sin prehospitale plan ønskjer Helse Førde at ein «kvit bil» skal ta over pasienttransporten som dei gule ambulansane utfører i dag. Dette skal føre til innsparingar, samt at ambulansane i større grad er til stades i kommunane.

Direktør Tom Guldhav for kirurgisk klinikk i Helse Førde orienterte finansutvalet i Stad om Helse Førde sin prehospitale plan. Planen har høyringsfrist 25. november, og Guldhav håpar styret kan gjere si avgjerd i desember.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Ein ser at ein har eit potensial på 944 oppdrag i året, eller kring 1,5 til 3 oppdrag dagleg, sa Tom Guldhav, direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, då han orienterte finansutvalet i Stad kommune om helseføretaket sin prehospitale plan.