Bestemte seg for å sette spaden i jorda for ny fløy. Prislapp: 141,7 millionar kroner

– Eit historisk vedtak, sa ordførar Kristin Maurstad då ho klubba det einstemmige vedtaket om å bygge den nye E-fløya ved Kulatoppen omsorgssenter. Prislappen: 141,7 millionar kroner.

Slik blir det: Den nye fløya til Kulatoppen omsorgssenter vil auke kapasiteten med 24 plassar, og ein har moglegheit for å utvide med å til. Noko av grunnen til utbygginga er også dei 16 plassane som forsvinn med Bryggja omsorgssenter når Bryggja går til Stad ved årsskiftet. Illustrasjon: Nordplan 

Nyheter

Ramma for prosjektet aukar altså frå rundt 122 millionar kroner til 141,7 millionar etter at ein har lagt inn ein del naudsynte ekstrating og eit par ting ein hadde gløymt å ta med i utgangspunktet. Men prisauken var ikkje hovudfokuset til politikarane i dette møtet.