– Diskusjonen om skipstunnel burde vore over no

Per Sævik i Havila Holding gjekk friskt ut mot politikarane under frokostmøtet Måløy Vekst arrangerte i høve Stad Skipstunnel i Oslo onsdag. - Diskusjonen om skipstunnel burde vore over no. Vi veit no kva vi treng å vite. No må det takast ei beslutning, sa skipsreiaren og den tidligare politikaren Per Sævik frå Fosnavåg.

Engasjert gjeng: Dei tre i midten, regionssjef Asgeir Hasund i Mow, Per Sævik frå Havilagruppen og prosjektleiar for Stad skipstunnel Randi Humborstad diskuterte med politikarane under frukostmøtet i regi av Måløy Vekst i Oslo onsdag.  Foto: Odd Inge Rand

Nyheter

Det var mange med eit bankande hjarte for både miljø, samferdsle og ikkje minst landsdelen i vest som sette frukosten i halsen då Statsbudsjettet for 2020 blei lagt fram 7. oktober. Ikkje ei krone var sett av til midlar til oppstart av Stad Skipstunnel. Ein av dei djupt skuffa var tidlegare Vanylven-ordførar Jan Helgøy, som framleis er brennande engasjert i denne saka.