Tar oppgradering av Skram skole ut av økonomiplanen for dei neste fire åra

– Som rådmann kan eg ikkje tilrå eit prosjekt med så stor uvisse

Det er så mykje uvisse rundt kva som er det beste å gjere med Skram skole i Måløy, meiner prosjektrådmann Terje Heggheim, at han har tatt heile investeringsprosjektet ut av Kinn sin økonomi- og  handlingsplan for dei neste fire åra.

Skal ikkje renoverast likevel?: Det er så mykje uvisse rundt kva som er det beste å gjere med Skram skole i Måløy meiner prosjektrådmann Terje Heggheim at han har tatt heile investeringsprosjektet ut av Kinn sin økonomi- og  handlingsplan for dei neste fire åra. Arkivfoto 

Nyheter

– Eg har vore på Skram skole på synfaring, og eg synest skulen skulle vere høgste prioritet. Der er verken gode forhold for arbeid eller for læring. Men eg har likevel ikkje skulen inne i investeringsplanen fordi vi fekk ein rapport den 24. oktober som sa at å gå laus på skulen ikkje er tilrådeleg, ein må rive heile bygget og det vil berre stå eit skal igjen. Brannteknisk kan ein heller ikkje dokumentere etasjeskillerane, verken til brann, ulykke eller bæring, sa rådmannen da han presenterte budsjettet under politikaropplæringa.