Helse Førde fekk motbør i ambulansespørsmålet

Representantar frå Helse Førde med bodskap om reduksjon i ambulansetenesta i Ytre Bremanger fekk kraftig motbør då dei gjesta Bremanger kommunestyre torsdag.

Espen Gulliksen (Sp) gjekk kraftig i rette med prehospital plan frå Helse Førde på kommunestyremøtet torsdag der planen vart presentert.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

– Vi byrjar bli vant til at helsevesenet reduserer og sentraliserer. No er det ambulansen i Ytre Bremanger. Når myndigheitene snakkar om rekruttering og kompetanse, vil det aldri innehalde behova til utkantstrok. Det er tilpassa byar og sentrale strøk, uttalte Espen Gulliksen (Sp) då han gjekk på talarstolen i kommunestyret og stilte ei rekkje kritiske spørsmål til klinikkdirektør Tom Guldhav og ambulansesjef i Helse Førde Stian Sægrov. Helsetoppane presenterte fase to av prehospital plan som no er ute til høyring.