Opnar dørene på sin eigen bursdag

– Det blir ei flott gåve

På sin eigen bursdag, komande måndag, opnar Dieter Schürer dørene til Selja Stova.

Måndag opnar Dieter Schürer Selja Stova.   Foto: Privat

Nyheter

– No er alt klart og vi har fått serveringsløyve. Difor vil vi opne kafeen Selja Stova på Nabben i Selje måndag 11. november. Det er ei glede for meg, også fordi det er min eigen bursdag, så eg kan gje meg sjølv ei stor gåve, seier Schürer.

Han fortel at dei har lagt ned mykje jobb dei siste seks vekene for å gjere kafeen klar til opning.

– No er nye bord og stolar montert og på plass, og vi har fått installert ein ny og profesjonell komfyr.


Snart får bygda kafeen tilbake

Mange har savnet et lokalt møtepunkt etter at Café Havbris i Selje så seg nødt til å legge ned. Det ville Dieter Schürer gjøre noe med. I november åpner han ny kafé under nytt navn: Selja Stova.


Lars Jarl Aure er tildelt rolla som kokk i det nye teamet som skal drive Selja Stova. Han fekk fagbrev i år og har jobba på Muritunet i Valldal.

– Vi skal ha varierte menyar med ulik mat kvar dag. Men kvar dag skal mellom anna crêpes, rundstykke med pålegg, kake og is vere mogleg å bestille, forklarar drivaren.

Med i det nye teamet er også Alaa al-Mughrabi som skal jobbe som servitør

– Han er frå Syria og har praksisplass på Selja Stova for å lære meir språk og meir om servering.