Verftet set sitt lokale preg på båten

I oktober kom nybygget til reiarlaget Stormhav frå Bremanger til Stadyard-verftet på Raudeberg. Båten skal etter planen stå klar til påske. Og til jobben nyttar verftet stort sett lokale underleverandørar.

Spesielt nybygg skapar store verdiar for verftet og samfunnet rundt oss.

Trond Kongshaug, driftsleiar Stadyard
Nyheter

Skipper og dagleg leiar i Stormhav Håkon Inge Mjånes er regelmessig innom Stadyard for å sjå til båten, og Fjordenes Tidende nytta sjansen til å få ei omvising.