Den branntekniske tilstandsrapporten

Etasjeskillarane ved skulen vil i tilfelle brann truleg ikkje halde lenger enn 10-15 minutt. Kravet er 60.

Rådmannen i Kinn foreslår å ikkje sette av pengar til Skram skole dei neste fire åra, men den branntekniske tilstandsanalysen som nylig er utført viser at situasjonen i gamlebygget er prekær. Etasjeskillarane har ein brannmotstand på berre 10-15 minutt

Er dette bygget trygt?: Rådmannen i Kinn foreslår å ikkje sette av pengar til Skram skole dei neste fire åra, men den branntekniske tilstandsanalysen som nylig er utført viser at situasjonen i gamlebygget (bygget til venstre på bildet) er prekær. Arkivfoto 

Nyheter

Nordplan leverte 24. oktober ein brannteknisk tilstandsrapport der føremålet var å fastslå om det såkalla gamlebygget frå 1920 brannmessig er i ein slik stand at det lar seg gjere å oppgradere det til eit tryggleiksnivå i samsvar med dagens regelverk (TEK 17). Dei skulle også sjå på om det kunne la seg gjere innanfor forsvarlege økonomiske rammer.