Bygda fekk ikkje bli grensejustert inn i nabokommunen

Ordføraren: – Bra vi ikkje blir splitta

Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V) er glad for at departementet ikkje vil grensejustere Åheim inn i Stad.

Blir verande: Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil ikkje lytte til innbyggjarinitiativet for grensejustering av Åheim inn i Stad. Ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven meiner vedtaket var forventa. – Som ordførar ønskjer ein sjølvsagt ein samla kommune, seier ho. Her med varaordførar Ingebrigt Berget (Sp).   Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Det var forventa at det vart slik, og som ordførar for Vanylven er eg glad for det. Som ordførar ønskjer ein sjølvsagt ein samla kommune, seier Sande.