Personbil snurra og hamna på taket i natt

Illustrasjonsfoto  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Klokka 00.39 natt til laurdag skjedde det ei trafikkulukke på Fv 617 på Nedrevegen på Raudeberg i Vågsøy kommune.

Føraren av ein personbil mista kontrollen. Bilen trefte ein støypekant. Den snurra rundt på fylkesvegen og vart liggande på taket midt i vegen. Det var to personar i bilen, begge i 20-åra, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest Politidistrikt til Fjordenes Tidende.

Naudetatane rykte ut. Då dei kom fram hadde begge personane kome seg ut av bilen.

Det er ikkje snakk om alvorlege fysiske skader. Ein av personane klaga på smerter i ein fot. Denne personen skal ha blitt undersøkt av helsepersonell.

Kolltveit seier at det ikkje er mistanke om promillekøyring.