Ny teknologi skapar billegare løysingar for Anda-Lote

Slik kan Nordfjordbrua bli

Onsdag inviterte Nordfjordbrua AS til orientering om mogelege bruløysingar for Anda-Lote. To selskap har arbeidd med fleire alternativ til bruløysing og spennande ting vart presenterte.

Flytebru: Alternativet med flytebru og «dør» for den tyngste skipstrafikken var eit spennande alternativ som fall i god jord hos mange. Løysinga er utvikla av LMG Marin i samarbeid med Multiconsult og fleire. Foto: Nordwest3D/LMG Marin  Foto: Nordwest3D/LMG Marin.

Nyheter

– Næringslivet i distrikta har enormt potensial og spesielt her i Nordfjord, og på begge sider av fjorden, sa styreleiar i Nordfjordbrua AS, Alfred Bjørlo, då han innleia om arbeidet som blir gjort for å få realisert brua mellom Anda og Lote.