Framflyt UB reiste på Tempo-seminar

Elevane reiste på seminar for å lære meir før dei skal arrangere sin eigen konferanse

20 elevar i ungdomsbedrifta Framflyt UB gjorde nyleg eit viktig forarbeid i Florø. Dei brukte Temposeminaret som læring før dei sjølve skal arrangere konferansen Framflyt.

Tilsette i ungdomsbedrifta: Øvre rekke f.v. Ida Apneseth, Jetmund Ervik og Amalie Dalelv. Nedre rekke f.v. Sara Hove, Sofie Klever Årdal og Berge Andal er nokre av dei tilsette i ungdomsbedrifta Framflyt som førre helg besøkte Temposeminaret i Florø for å lære før si eiga konferanse som dei skal ha i Nordfjordhallen i januar 2020.   Foto: privat

Nyheter

– Temposeminaret var utruleg kjekt! Alle føredragshaldarane hadde svært interessante historier. Det som imponerte meg var evna deira til å snakke for seg. Temaet på konferansen var blant anna mot og pågangsvilje. Dette er verdiar vi må ta med oss inn i Framflyt viss vi skal gjere det bra, seier Berge Andal, dagleg leiar i Framflyt UB i ei pressemelding.