Harald (86) har samla lokalhistoria i skulen han sjølv gjekk på

Harald Oppedal har spelt i korps sidan 1947, og brukar no dagane sine på å halde ved like det gamle skulebygget i Torskangerpoll der han spelte sine aller første tonar.

Aktiv kvardag: Harald Oppedal har på sine eldre dagar fått interesse for si eiga lokalhistorie. Dei siste åra har han derfor brukt til å samle inn historiske gjenstandar som han har stilt ut i den gamle skulebygningen i Torskangerpoll som han sjølv gjekk på i sin barndom. Alle Foto: frithjof Silden 

Nyheter

Harald Oppedal har drive med musikk i alle år. Og han hugsar godt tida si som elev på grendeskulen og prøvespelinga som vart halden i kjellaren av bygget. Den måtte musikantane gjennom for å få lov til å bli med i korpset.