9. november hadde Jackbow sleppkonsert for den nye EP-en sin Is this Forever på Gymmen scene i Eid. Foto: Siri Kolseth

Tar seg eit friår for å satse hardt på musikken

Punkrockbandet Jackbow frå Nordfjordeid er i ferd med å få seg eit namn i musikkbransjen. Nyleg slepte dei ny EP og fleire av medlemane har tatt seg fri frå vidare skulegang for å sette musikken i sentrum.