Regionen har fått fem nye «gasellebedrifter»

Dagens Næringsliv har sidan 2003 kåra ulike «gasellebedrifter», no er resultata for 2019 i region vest klare, og fleire lokale bedrifter er inne på lista.

Regionen har fått fem nye gasellebedrifter i årets kåring i DN.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

På 23. plass er Marin Service AS frå Vågsøy, frå 2015 til 2018 har dei vakse med over 300 prosent og landa fjoråret med ein omsetnad på 20,8 millionar.