Legg ned skuletilbod

– Dette er dramatisk for oss

Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V) vart svært skuffa då ho fekk beskjeden om at fylkespolitikarane har vedtatt å legge ned den vidaregåande avdelinga i kommunen. No fryktar ho for framtida til bygda.

Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V) reagerer på at fylkespolitikarane legg ned det vidaregåande skule-tilbodet i Vanylven. Her med Davik Andre Lien (f.v.), Vidar Solheim og Bjørnar Magne Berge.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Det er ikkje tvil om at dette er dramatisk for Vanylven, og statistikk viser at til yngre ungdommen er når dei flyttar heimanfrå, til mindre sjanse er det for at dei vender heim att, seier Sande til NRK Møre og Romsdal, som først omtalte saka.