– Ein årleg ekstra kostnad på 10 millionar kroner vil ta ein betydeleg del av overskotet vårt. Og kor lenge finn eigarane våre det interessant å investere i ei verksemd som ligg pluss minus null og kanskje ikkje tenar pengar? Det er investert 400 millionar ved Elkem Bremanger i 2019 og eigarane satsar på oss. Det er ikkje sjølvsagt at det vil halde fram om vi får 10 millionar kroner ekstra på nettrekninga, seier leiaren for den kraftkrevjande industrien i Svelgen.
Ekstra nettrekning på 10 mill. vil barbere overskotet for Elkem
Verksjef Arne Werge-Olsen fryktar investeringslysta til eigarane vil stoppe opp om Elkem Bremanger må over til å få straum frå distribusjonsnettet til SFE. Han estimerer prisauken til 10 millionar kroner årleg.
Seigpining: Verksjef Arne Werge-Olsen hjå Elkem Bremanger har levd med trugsmålet om auka nettprisar sidan han byrja i jobben. Han seier det har vore slitsamt. Arkivfoto: Jørn-Arne Tomasgard.
Nyheter