– Vi håpar dei som får boka vil innsjå kor stort fylket eigentleg er

Torkjell Djupedal frå Selje og Kolbjørn Nesje Nybø frå Florø gir i desse dagar ut Husa våre. Ei bok på over 650 sider med 1.230 bilete om arkitekturen i fylket gjennom tidene.

Kolbjørn Nesje Nybø (t.v.) frå Florø og Torkjell Djupedal frå Selje lanserer boka Husa våre.   Foto: Alf-Haakon Harlem

Nyheter

– Boka veg nesten tre kilo, det er ein murstein som er veldig innhaldsrik, seier Djupedal.

Forfattarane er på rundtur i fylket for å vise fram si nye bok, og laurdag kjem dei til Gamlebanken på Nordfjordeid.

1.230 bilete: Her funkis-butikkbygg på Bryggja.  Foto: Privat

Forfattarane har arbeidd med boka i ti år, og dei viser fram bygg og arkitektur heilt frå stavkyrkjetida til i dag. Dei har berre tatt med bygg som står reist i dag, men då skulen i Hornindal vart riven samstundes med trykking av boka, vart der naturlegvis eit unntak.

– Vi er svært godt nøgde sjølv, det har blitt ei stor og god bok, seier Djupedal.

Paulsenhuset: Fleire lokale bygg har fått plass i boka.  Foto: Privat

Han omtalar boka som ein hyllest til dagens Sogn og Fjordane. I boka viser dei fram både arkitekturen i enkelthus, men også i bygder og byar.

– Vi håpar dei som får boka vil innsjå kor stort fylket eigentleg er, fortel Djupedal.

Sogn og Fjordane er det første fylket til å få ei slik bok skrive om seg. Dei håpar boka vil vere med å løfte fram fylket i den samanheng.