Har lenge hatt eit ønskje om å starte noko eige

Rebekka Frantzen Kalisch opna torsdag den nye klesbutikken sin TREND Måløy. Butikken på Måløy Stormarked er resultatet av eit ønskje 32-åringen har hatt lenge.

Birgitte Hunvik, Rebekka Frantzen Kalisch og Christine Nygård opna dørene til Trend Måløy torsdag. – Arbeidet med butikken starta rundt august/september, så det har gått raskt frå byrjing til opning, seier butikkeigar Kalisch.   Foto: Frithjof Silden

Plasseringa på Stormarkedet kom naturleg til meg.

Rebekka Frantzen Kalisch
Nyheter

– Eg er utdanna interiørkonsulent gjennom nettstudium, og har over lengre hatt eit ynskje om å starte opp noko sjølv, fortel ho til Fjordenes Tidende.