Sikrar arbeidsplassar og aukar aktiviteten

Mowi aukar produksjonen og tilset fire nye medarbeidarar i samband med oppkjøpet av K. Strømmen Lakseoppdrett. Dei tilsette i Rugsund er nøgde.

Nøgde: Dei tilsette ved hjørnesteinsverksemda i Rugsund er nøgde med at arbeidsplassane er sikra og verdas største oppdrettsselskap, Mowi, er komne inn på eigarsida. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD 

Det er viktig for bygda her at nokon ville kome og ta over.

Åsmund Bortne
Nyheter

– Vi er godt nøgd med at arbeidsplassane her er sikra og at vi har fått ein stor aktør som viser vilje til å satse. Når det blir sagt at verksemda der du jobbar blir vurdert selt, er det klart det skapar uvisse blant dei tilsette. Slik det ser ut no, ser det bra ut. Det er viktig for bygda her at nokon ville kome og ta over. Mowi er store i Nordfjord, det vil vi kunne dra nytte av, seier Åsmund Bortne.