Får ikkje ta del i handsaming av «cruise-avtale»

Kritisk til at saka går i formannskapet

Rita Nyland (SV) meiner det er kritikkverdig at handsaminga av ei intensjonsavtale mellom Stad kommune og selskapet Costa Carnival skal gå i formannskapet, der to parti ikkje er representert.

Avtale: Costa Carnival ønskjer å forhandle fram ei intensjonsavtale med Stad kommune. Ei avtale skal leggast fram for formannskapet for handsaming. Denne avtalen meiner Nyland burde blitt handsame i eit fora der alle parti var representert.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Det er påfallande korleis ordførar ivrar etter at denne saka berre skal behandlast i formannskapet, ut frå hans tolking av reglementet. Om dette er bevisst for å unngå kritiske spørsmål frå det einaste partiet som tidlegare har vore kritisk i saker om cruiseturisme skal eg ikkje ha sagt, men ein gjer seg sjølvsagt opp nokre tankar. Uansett er faktum at både SV og KrF, vert haldne utanfor den politiske behandlinga i denne saka, seier kommunestyrepolitikar Nyland til Fjordenes Tidende.