Har planane klare om tunnelen kjem

Kan bli store endringar med skipstunnel

Om Stad skipstunnel vert realisert har Asbjørn Bøstrand planane klare for ei storstilt utbygging som kan gi ringverknadar i lokalsamfunnet.

Stort område: Det er i området her det er snakk om ei utfylling på opp til 23.000 kvadratmeter. Om det skjer kan fabrikksjef Asbjørn Bøstrand realisere planane om å bygge ut området ved fabrikken i Moldefjorden, blant anna med ein ny frysehall og lengre djupvasskai.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Det kan fort bli 30 nye arbeidsplassar.

Asbjørn Bøstrand, fabrikksjef Pelagia Selje
Nyheter

Tidlegare denne månaden vart det sendt ut varsel om planoppstart for detaljregulering av Pelagia sitt område i Moldefjorden i Selje. Der kjem det fram konkrete planar for ei storstilt utfylling av området, ei ny djupvasskai på opp til 250 meter, samt utviding av eksisterande bygningsmassar. Og ikkje minst, nye arbeidsplassar. Men det føreset at Stad skipstunnel vert realisert.