– Vi er redd feilen kan vere større

Det kan vise seg at rådmannen manglar ytterlegare 40 millionar i budsjettframlegget, mistenker Daniel Henriksson (Raudt) etter å ha gått gjennom rådmannen si korrigering av budsjettframlegget.

Er tala rette no?: Daniel Henriksson og Geir Oldeide i Raudt er uroa for at det ikkje berre er 38,45 millionar som er ført dobbelt, men at feilen kan vere endå større enn det. Foto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

Daniel Henriksson (Raudt) oppdaga at rådmannen sitt forslag til finansiering av ny fløy på Kulatoppen omsorgssenter var noko optimistisk. Rådmannen har seinare innrømt at dei ved ein glipp hadde ført opp det statlege tilskotet på 38,45 millionar til utbygginga to gonger.