Spår opning til helga

– Det er litt vanskeleg å seie når vi kan opne, men håpet er rundt neste helg, seier Tore Kroken Karlsen, operativ leiar i Harpefossen skisenter.

– Sesongopning før jula er eit «must», om ikkje blir dette ein veldig dårleg sesong, seier Tore Kroken Karlsen som er operativ leiar ved skisenteret. Han seier at det er vanskeleg å seie når dei kan opne, men håpar at heisane i skisenteret kan gå allereie neste helg.  Foto: Frithjof Silden

Nyheter

Karlsen fortel om mange ivrige skigåarar som spør han om det snart nærmar seg opning av skitrekket. Når ein kan sjå litt snø i anlegget er det mange som gler seg til sesongen.