Treårig utviklingsprogram skal gjere utdanninga endå betre

Havbruksnæringa skal vekse og blir teknologisert. Utdanninga må halde følgje. Måløy vidaregåande skule er i gang med eit treårig utviklingsprogram.

Elevar frå akvakulturutdanninga ved Måløy vidaregåande skule på plass på merdkanten ved Mowi-anlegget på Rundereim. Frå venstre Kristoffer Rundereim, Steffen Skoglund Bø, Markus Årvik og William Hodnefjell.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

– Ved nyttår starta vi prosjektet for å vidareutvikle akvakulturutdanninga i samarbeid med verksemdene. Dette heng i hop med verdiskapingsplanen i fylket. Ein ventar ei femdobling av verdiskapinga i næringa innan 2050. Vi må sørgje for å vidareutvikle utdanninga slik at vi får nok arbeidskraft med rett kompetanse, seier prosjektleiar Mona Bakke Svarstad.