Foreslo å opprette ei eiga stilling som mobbeombod

I budsjettdebatten fekk ikkje Anfinn Sjåstad (Frp) med seg politikarane på å opprette ei 50 prosent stilling som mobbeombod.

Ombod: – Vi ønskjer å få på plass eit uavhengig mobbeombod, der dei som ikkje føler seg høyrt, til dømes foreldre eller elevar kan gå, seier Anfinn Sjåstad (Frp) om forslaget.   Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Vi ønskjer å få på plass eit uavhengig mobbeombod, der dei som ikkje føler seg høyrt, til dømes foreldre og elevar, kan gå. Eg er skuffa. For 2020 betyr dette lite økonomisk, seier Sjåstad til Fjordenes Tidende.