Har skaffa 9,5 millionar i avbøtande tiltak for vindkraftpark

Einar Svarstad har forhandla på vegner av dei grunneigarane som er positive til vindkraft om å få til avbøtande tiltak i samband med Bremangerlandet vindpark. Så langt har innsatsen resultert i om lag 9,5 millionar kroner i tiltak.

Positiv til vindparken: Einar Svarstad har forhandla på vegner av dei grunneigarane som er positive til vindkraft om å få til avbøtande tiltak i samband med Bremangerlandet vindpark. Så langt har innsatsen resultert i om lag 9,5 millionar kroner i tiltak.  Foto: privat

Nyheter

– Det pågår forhandlingar med utbyggar om grunneigaravtaler, og avbøtande tiltak var noko som skulle forhandlast om her. Men grunna situasjonen der nokre få grunneigarar vil stanse utbygginga har desse forhandlingane delvis stoppa opp. Vi grunneigarane som er for utbygging har difor teke initiativ og gått til eigne forhandlingar om avbøtande tiltak med utbyggar, forklarar Einar Svarstad, som snakkar på vegner av grunneigarar på Svarstad, Varpe, Klungreset, Oldeide og Svoren i Bremanger.