Vart takka av som leiar

Nordfjordrådet på Hoven  Foto: Privat

Nyheter

Nordfjordrådet, regionrådet for Nordfjord, hadde sitt siste møte i 2019 på Nordfjordeid førre veke. På møtet vart Vågsøy- ordførar Kristin Maurstad takka av etter to år som leiar i Nordfjordrådet. Alfred Bjørlo, Eid/Stad, tok over som ny leiar i rådet, med Per Kjøllesdal (ordførar i Stryn) som ny nestleiar. Til stades på møtet var ordførarane i Stryn, Hornindal, Eid, Gloppen, Vågsøy og Selje kommunar.