Vil gje fleire eit tilbod om julebord

Bjørgs Mat og Parken kulturhus inviterer søndag 8. desember til familiejulebord.

Bjørgs Mat ved Kristian og Anne Simensen, samt med Parken kulturhus på laget, inviterer søndag 8. desember til familiejulebord.  

Nyheter

– Dette blir eit tilbod til familiar, pensjonistar og andre som ikkje har tilbod om andre julebord, seier Kristian Simensen i Bjørgs Mat.

Det blir eit festpynta lokale på Raudeberg. Det skal sjå ut som ein flott restaurant. Bjørgs Mat stiller med julebuffet og dessertbord som vil ha blant anna pinnekjøt, svineribbe og lutefisk, samt kaldrettar som høyrer jula til på menyen.

– Dette er noko eg er vand med frå tidlegare. I Bergen er det veldig populært med slike julebord, fortel Simensen.

Med eit stort lokale, har Bjørgs Mat og Parken Kulturhus god plass til dei som ønskjer å kome på familiejulebord. Dei håpar folk melder seg på i god tid før 8. desember.

– Målet med julebordet er å gje dei som vanlegvis ikkje har moglegheit eller tilbod om å reise vekk på julebord eit tilbod, seier Simensen

– Responsen så langt har vore god, dette er eit prosjekt vi har ønskt å få til over lengre tid. Vi hadde eigentleg planar om å arrangere i fjor, men måtte avlyse, avsluttar Simensen.