Får støtte til å utvikle UKM

Medlemmene i bandet Another Energy Thursday frå Vågsøy var blant dei 244 deltakarane på UKM-festivalen Sogn og Fjordane i Samfunnshallen i april 2019.  Foto: CAMPUS MEDIA

Nyheter

Åtte prosjekt i fylket har fått støtte til arbeidet med å løfte og utvikle arbeidet med UKM. Blant desse er Kinn UKM med prosjektet «Rekruttering og starten på ein felles identitet», Selje kommune med «Ein Stad der Ung Kultur Møtast» og Bremanger kommune med «UKM Spelegal, Bremanger Showdown». Alle dei tre får 15.000 kroner kvar i støtte. I alt har dei åtte prosjekta i Sogn og Fjordane fått 113.000 kroner i stimuleringsmidlar frå UKM Norge.