Rådmannen slo tilbake mot skuldingar

Ser på brev som mistillit

Rådmann Tom Joensen omtaler eit brev frå Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) om Kolset skule til kommunestyret i Bremanger som rein mistillit til administrasjonen.

Slo tilbake: Rådmann Tom Joensen gav klar beskjed om kva han meiner om brevet frå Landslaget for nærmiljøskulen der Bremanger kommune vert skulda for å ha fatta ulovleg vedtak om å leggje ned Kolset skule.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Saka har vore ute på høyring sidan 2014. Kvifor kjem dette i 12. time?

Tom Joensen
Nyheter

I brevet signert leiar Live Herheim og rådgjevar Torodd Fagerheim hevdar LUFS at kommunen ikkje har eit lovleg fatta vedtak om å leggje ned Kolset skule.